No er det ei stund sida sist eg skreiv noko her, det blir sånn iblant. Det kan eg berre beklage, men når eg ikkje følar eg har noko fornuftig å dele med dykk, så får det heller berre bli sånn.
No har eg prøvd å få Age of Empires II til å fungere skikkeleg på Ubuntu, via CrossOver Office, og det fungerer jo for så vidt, men det går så inni hampene treigt at det ikkje er gøy eingong. Og det med å få til Pro Cycling Manager også, det er ei hard nøtt, men eg skulle så gjerne fått det til. Kanskje eg, sukk, må installere Windows igjen – eg har høyrd at det går an å installere det som eit program i Linux, og om det da ikkje går så treigt, så kan det vere noke å tenke på. Eg er framleis godt nøgd med Ubuntu («Linux for human beings«), bortsett fra at eg faktisk har problem med noko eg aldri trudde skulle bli eit problem: stabiliteten. Det heng seg opp altfor ofte, og korkje kvile- eller dvalemodus fungerer heilt perfekt, diverre. Men dét, saman med at det ikkje er så lett med spel som eg skulle ynskje, og at DC++ ikkje funkar overhovudet, er vel det einaste eg slit med. Programma eg nyttar er vel så bra som dei i Windows, og det er ei fryd å sleppe virus og spyware.
Mads, nøgd Ubuntu-brukar