Gladnyheita: SU og opne standardar

Den erfarne blogglesar med god hugs vil hugse at eg i juli nemnde noko om ei opne standardar-fråsegn eg fremja til landsmøtet. No på sist landsstyremøte i organisasjonen vart ho endeleg vedteki, og alle nerdehjartar i organisasjonen gleder seg.

Leslesles

Med det same vil eg nytta høvet til å oppfordra alle som har nokre tankar om korleis ein god IT-politikk bør vera å fortelja dei til meg. Anten per mail (fornamnet mitt @ domenet her), eller i kommentarfeltet. Eg sitt nemleg i den IT-politiske gruppa til SU, og vi jobbar no med å utvikle ny politikk. Vi er dermed takknemlege for alle innspel, og eg veit at mange der ute har mykje fornuftig å koma med!

(Link fiksa 20.00 11.des.)

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Nerding. Bookmark the permalink.

2 Responses to Gladnyheita: SU og opne standardar

  1. Dette er ein av grunnane til at eg hev seriøst vurdert å stemma høgre. Ok. Ikkje so seriøst, berre litt. Men vìnstre derimot hev eg seriøst vurdert. Spesielt når dei gjekk inn for fråsegni um fri kultur!

    Forresten, legg inn OpenID, den er veldig enkelt — og du er med på å stø eit friare og meir distribuert internett (slik det burde vera).

  2. Mads says:

    Ja, særleg Venstre har vori gode på dette feltet lengje. I sitt alternative statsbudsjett i år skuffa dei derimot med ein del kutt…

    Apropos fri kultur, så kjem vi i SU høgst sannsynleg til å vedta fildelingspolitikk i løpet av februar. Og det som står om IT i det nye arbeidsprogrammet til SV lovar òg veldig godt.

    Og no er OpenID på plass. Takk for oppfordringa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>