Eg ynskjar meg ny mobil

Diverre byrjar eg så smått å trengje ein ny mobil. Ikkje av di den eg har no ikkje har nok funksjonar eller er utdatert, langt ifrå – den har alt eg treng og vel så det. Derimot har Sony Ericsson av ein eller anna grunn laga ein joystick av såpe-plast som all navigasjon avheng av. Og denne fungerar i maksimalt to retningar samstundes. I tillegg til dette har den ein liten fuktskade som gjer at det er litt stress å lade den (noko som eigentleg ikkje gjer stort), og eg får ofte ein skurrelyd når eg ringar med den. Nemnde joystickfeil gjer at all blaing i menyar, meldingsskriving, spesielt meldingslesing for litt lange meldingar, surfing osv. er utfordrande.

Og då synest eg ein mobiltelefon feilar på noko av det mest grunnleggjande – det skal ikkje vere vanskeleg å nytta han som nett det. Eg gjer eigentleg ganske blanke i sjuke funksjonar, eg. Eg vil ha ein mobil som verkar – og som gjer det eg seier han skal. (Og ja, eg har snakka med butikken ang. retur, men min kjære k750i er fuktskada, og det vil koste «nokre kronar» å fikse han.. Eg vart oppmoda om å kjøpe ny.)

Så, kva vil eg at mobiltelefonen min skal gjere, korleis vil eg at den skal vere?

  • Han skal ikkje ha ein joystick som «fungerar». Han skal helst ikkje ha joystick i det heile
  • Han skal sjå bra ut. Helst skyve- eller vippemobil
  • Han skal ha standard kalender, nedteljing, alarm
  • Han skal gjerne ha «lommelykt»-lys (k750i er særs god til nett dette) og radio, men dette er ikkje eit absolutt krav
  • Han bør ha eit greit kamera. 1.5mpx og opp held lengje. Eg har DSLR
  • Eg gjer totalt blanke i mp3. Eg er glad i Zen-en min. RSS, avtalebok og diverse andre «nyttige» funksjonar treng eg heller ikkje (Presisjon: RSS er genialt, og eg nyttar det i stor grad på pcen – men ikkje på mobilen)
  • God batterikapasitet
  • Han bør ha plass til mange meldingar
  • EDGE eller 3G kunne vore kjekt. Og så må han sjølvsagt takle Opera Mini
  • Han skal gjere nett som eg ber han om, utan at eg må finne på lure tricks for å klare å lese ferdig ei melding
  • Han bør tåle minst normalt mykje

Per no synest eg Motorola Z8 ser ut som det beste valet. Lekker, bra batteritid, ingen joystick og fryd og gammen..

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Nerding. Bookmark the permalink.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>