Påsketips: Gjer inkje.
Nett no gjer det faktisk ingen verdas ting å vere forkjøla, sjølv om det er ferie. Ein kunne kanskje tenkt at det er ein keisam ting å bruke ferien på, og eg må innrømme at det var det da eg var heilt på tuppa, fekk vondt i hovudet av å reise meg og gå fem meter, og ikkje eingong orka å halde hovudet opp så eg kunne lese småtteri på msn. Men nett no går det eigentleg veldig fint. No har eg ein heilt legitim grunn til å slappe av maksimalt. Eg trengte nokre dagar på å fjerne rastløysa, den evig messande kjensla av at det heilt sikkert var noko eg burde ha gjort, at eg kasta bort tida mi, var ineffektiv. Men er ein sjuk, så er ein sjuk. Da er det lov å ta det litt med ro. Iallfall når ein har ferie.
Etter eit par dagar eg stort sett har tilbrakt i sofaen har eg innsett at det faktisk ikkje er så mykje eg treng å gjere. Det er godt. Eg skal ordne eit 2.- eller 3.utkast på romanprosjektet mitt så eg kan skrive det ut når eg byrjar på skolen igjen, skrive litt på noko anna småtteri, sånt som dette for eksempel, feire våren med venar, blomster og blåbærpai, gjere yoga, glo litt meiningslaust i taket berre fordi eg kan, planlegge litt NU-greier, og ikkje minst kose meg masse med bøker og musikk.
I dag er det Kent som vandrar ut or høgtalarane, kanelsnurrar som vankar frå kjøkkenkanten og i bokstabelen ligg det fem bøker. Eg har byrja på alle saman tidlegare, så nær som den eine som eg byrja på først i går, så eg greidde ikkje å velje ut berre ei. Det er jo fint med litt variasjon uansett. Strengt tatt er det berre fire bøker, men den eine har eg i to utgåver, ei på fransk og ei på norsk (nynorsk^^), fordi eg treng den norske utgåva som støtte på fransklæringseventyret. Det er veldig fine bøker, så eg ligg her og kosar meg glugg i hel i sofaen. Til den som er nysgjerrig, inneheld bokstabelen desse bøkene:
”Ensemble, c’est tout” av Anna Gavalda
Den norske utgåva: ”Saman er ein mindre aleine”
”Mig äger ingen” av Åsa Linderborg
”Life of Pi” av Yann Martel
“La meg synge deg stille sanger” av Linda Olsson
Mitt tips til ferien: Prøv å gjer inkje. Det er forbausande godt frå tid til anna det òg.