Det er mykje i verda som er fælsleg stygt, og dessutan finst det veldig mykje vakkert. Enkle, avkledde ord, lyden av ein finger som sklir mot ein gitarstreng medan gitaristen skiftar grep. Eg kjenner mange vakre menneske, det finst eit hav av nydelege filmar, bøker og songar, men i dag vil eg slå eit slag for fridomen som det vakraste av alt. Fyrst og fremst fordi fridom opnar for å sjå alt det andre, han er ein slags muleg katalysator for store lykkeskred. Ikkje alt laust fjell dett ned på vegen, men han som ropar får det ganske sikkert i hovudet. Fridom er nøkkelen til mange dører.
No er det straks jul og ferie og det fyrste eg skal gjere når eg kjem heim etter siste skoledag, er å leggje meg i senga og glo i taket heilt til auga mine dett ut og kroppen min er maks avspent. Eg har vokse opp med ytringsfridom, religiøs fridom, politisk fridom; Generelt er store delar av fridomen nærast heilag og blir verna både på det eine og det andre planet. Hurra for det, sjølvsagt. Eg er ikkje fattig, eg har aldri sitte i fengsel, eg har aldri blitt kidnappa og selt til ekle menn i utlandet, eg har ikkje eingong lenkja meg fast til maskinar eller anna herk frå tullingar eg er usamd med. Fridom er likevel eit aktuelt tema, sjølv for meg.
Eg er ufri. Ikkje heile tida, og ikkje fordi nokon tvinger meg til det fysisk eller med lov. Men nokre gongar er eg ufri fordi samfunnet mitt og hjernen min finn det for godt å samarbeide om å prøve å kidnappe fridomen min. Den reelle fridomen for meg. Fridom frå eksisterande og imaginære krav frå omverda og meg sjølv. Eg har ikkje greidd å slappe av utan å ha gjort alt eg burde gjort. Ein del av hjernen min er nådelaus, og det problematiske er at samfunnet generelt driv og stør han. Eg veit det godt, men det er vanskeleg å krige med seg sjølv.
Eg krev av meg sjølv at eg skal yte mitt beste. Eg vil vere reflektert, engasjert, gjere det godt på skolen, sjå fin ut, vere i form, ja, også vil eg ha fritid til å gjere det eg likar. Det har fungert i mange år. Som lita var all anna tid enn innetid eit ikkjetema. Da eg vart større gjekk det bra fordi eg i lang tid var lite sosial og dessutan flink på skolen. Eg visste at viss eg gjorde mitt beste, så vart det gjerne eit veldig godt resultat. Eg vart vant til å gjere det godt, og det kan faktisk vere litt skummelt.
Ei god venninne av meg har ofte gjentatt at mitt beste alltid er godt nok. Men når summen av mitt beste i dei tinga som er naudsynte tek meir tid per dag enn dei 16 timane eg har til rådigheit, byrjar fridomen å bli utrygg. Å vere skolesmart er på mange måtar det eg i lengst tid har fått bekrefta at eg kan. Andre folk er morosame, andre folk er flinke i idrett, andre folk er flinke sosialt. Sjølv om eg har fått meir å gjere, har eg ikkje senka krava fordi det er ekkelt å bryte seg ut av den rolla eg har havna i.
Det eg har byrja å forstå i det siste, er at nokre gongar må eg berre drite i det likevel. Sjølv om lærarane seier det til heile klassen, så er eg ikkje for lat, eg gjer ikkje for lite. Eg greier ikkje alt. Eg synest det er urettferdig av læreplanen og samfunnet å krevje det. Karakterane skal liksom spegle kor flink eg er i faga, men hovudsakleg seier dei noko om kor lite flink eg har vore til å ta vare på meg sjølv. Eg blir ikkje dummare om eg gjer det dårleg på ein prøve. Tala lærarane set, kan ikkje plottast inn i eit koordinatsystem for å lage ei kurve over smartheita mi frå dag til dag.
Fridom er ikkje berre å ikkje vere halde att reint fysisk, det er å forstå at ein ikkje alltid må leve opp til alle ideala ein kunne greidd å leve opp til kvar for seg. Eg har byrja å lære det av erfaring, fordi eg treng å ha eit liv. Men skolen og samfunnet terpar framleis på den same regla om at det er viktig å vere førebudd til timen, å gjere lekser, å vere engasjert, å halde seg oppdatert og opplyst, å trene, å sjå fin ut og å vere godt likt. Eg har aldri høyrt eit ord om at det kan vere øydeleggjande viss ein faktisk prøver å gjere alt dette. Den krigen er ikkje ein krig mellom samfunnsgrupper eller politiske parti, det er ein krig mellom meg og meg sjølv, og ingen kjem til for å mekle. Stort sett synest eg samfunnet ropar om meir blod.
Wow, imponert! Kva kan ein gjera anna enn å seie seg samd frå start til slutt?
Det siste avsnittet burde nokon hengje opp på ein vegg. Eller fleire.