Ei sånn ei.
Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei. Då skal eg bli ei sånn ei som går langt på skeive fortau sjølv om det er ruskevêr, utan å ta trikken, kanskje berre nokre gongar, når eg har gløymt skjerfet mitt heime. Når eg blir stor, då skal eg bli ei sånn ei som les avis på kafé, som smilar utan at folk skjønar korfor, som drikk krydderte om natta og har lilla skjerf og strikkelue. Eg skal bli ei sånn ei som går utan skor når det er varmt nok, ei sånn som går til postkassa i pyjamas, eller til butikken. Eg skal plukke hestehov langs vegen.
Når eg blir stor, skal eg bake rosinbollar med ungane mine og vere ho irriterande mora som faktisk bryr seg når ting er feil og urettferdig, og som seier ifrå heilt til alt blir rett og rettferdig att. Eg skal ha svart katt og syngje høgt sjølv om eg ikkje står i dusjen og ikkje er aleine heime. Huset mitt skal vere litt rotete, akkurat så mykje at det ikkje gjer noko. Også må det vere mange mange puter der. Eg skal ha tregolv som er måla i fine farger, også skal eg kunne sitje på dei og skrive bok.
I eit tre i hagen skal eg hengje telys i små glas, pynte meg midt i veka, men vere anonym på festar. Eg skal bli ei sånn ei som opnar døra midt på natta viss nokon ringjer på og treng nokon å prate med, ei sånn dame med bustete hår som plukkar haustlauv og spelar teater med seg sjølv. Ei sånn som lagar fingerdukker og sminkar meg som pantomimedame på søndagsmorgonar. Nokre gongar skal eg leite etter firkløver.
Eg skal ha eit eviggåande prosjekt om å få fleire bøker i bokhyllene mine enn det er stjerner på himmelen, og eg skal ha prøvd å telje dei. Eg skal fingermåle og gjere yoga i graset om sommaren. Bamsen min skal ikkje trenge å bu i ei pappeske på loftet, sjølv om eg har blitt vaksen. Eg skal hardnakka halde fast på prinsippa mine, sjølv om dei som hadde dei fordi dei trudde dei vart kulare av det då kanskje har voksi frå dei. Eg skal vere naiv nok til å tru på at ting ordnar seg. Når eg blir stor, skal eg bli ei sånn ei.