Det er mogleg.

Når eg blir stor, har verda blitt ein betre stad. Når eg blir stor, har ho blitt ein betre stad på mange vis, og eg har vore ein del av den generasjonen som har vore med på å løfte ho dit. Eg skal ha vore ei av dei som gjekk i demonstrasjonstog og ei av dei som sto med banner og plakatar, eg skal vere ei av dei som aldri gav seg og som kravde og vart høyrt.

Når eg blir stor er det meir rettferd i verda, da flirar folk av at det faktisk var sånn som no, før i tida. Da er nokre av merka og buttonane eller skjerfa våre utdaterte, og vi kan ha dei i ei kiste på loftet, og når ungane mine finn dei, kan eg seie at ”Dei merka gjekk vi med på veskene og kleda våre, det skjerfet hadde eg og mor mi før meg. Det var for å vise solidaritet med folk som var undertrykte, og det var for å synleggjere haldningane våre, for å signalisere kor vi sto i kampen. Og det hjalp. Du forstår det, venen min, at då eg var ung, så var verda sånn på villspor, og det var ikkje alle som forsto alvoret, eller i det heile tatt kor vi burde vere på veg. Men vi kjempa, og vi vann.”.

Og når barnebarna mine finn den skattekista, er det så lengje sidan at eg kan tillate meg å vri litt på sanninga for å gjere eventyret betre, og for å gje dei den rette anden til å kjempe for si tid og sine problem. For det kjem jo framleis til å vere problem, men nokre av dei er løyste når eg blir stor, for det er mogleg. Eg har trua på dykk, alle dykk som er der ute og kjempar. Ikkje gje opp. For hugs at når de blir store, så har det hjulpi. Det er ei tid for håp, ei tid for kamp og ei tid for å vere stolte. Gje ho rom til å kome.

Legg igjen ein kommentar