3T – Trim, Trening, (venleiks-)Tyranni

Denne posten skal eigentleg ikkje handle om meg, men om 3T, men eg kan jo kanskje presentere meg fyrst som sist, så de slepp å blande saman mine skribleri med Mads sine forsøk på å opplyse Blogglandia eller noko. Eg heiter Marta *vinke*, og eg skriv det helst utan Planck-konstanten, for eg treng ikkje å bli stort mindre enn eg allereie er. I høgde, altså. For å sitere læraren til venninna mi: ”Napoléon var ein stor mann!”. Så det går jo an, men eg føretrekk altså Marta utan h.

Om du er av dei som synest venane dine liknar ulike dyr, eller les om pandaar på Wikipedia og meiner at det er nett som å lese om meg, så er eg òg Pixiu. I dei eldste kinesiske skriftene der pandaen er nemnt, er han nemleg omtalt under namnet pixiu. Så veit du det. Eg er nesten ein semidel av familien som held til her på sida (fram til no har det vel hovudsakleg vore Mads som har skrivi), såå eg får lov til å skrive litt innpå her eg òg! *stolt*

I dag skulle eg skrive rapport frå eigentreningsperioden min i gym. Eit av punkta eg skulle drøfte, var eventuelle uheldige sider ved trening. Det kan ein sjølvsagt seie mykje om, ein kan få skrubbsår og senestrekk og kular i hovudet, ein kan få traumar av å ha vore den som aldri greidde å hoppe over bukken på barneskolen, det stel verdifull nerdetid, you name it, men det som fekk meg til å stoppe med oppgåveskrivinga var punktet eg tenkte å skrive om overdrivi kroppsfokus. Eg stoppa fordi eg vart minna om at eg eigentleg er provosert. Eg har vore det ei stund, og kvar gong eg drar til 3T for å trene (jada, hyklerihu og hyklerihei for den late nerden i meg sin del), så blir eg ytterlegare provosert.

Til opplysning, står dei tre T’ane i ”3T” for Trim, Trening og Trivsel, men etter mi meining kunne dei gjerne droppa den siste. Korfor? Jo, her kjem poenget, grunnen til at eg let meg provosere; Spegelen i garderoben høyrar meir heime på tivoli enn i garderoben på eit treningssenter som prøver å overtyda meg om at dei vil gje meg trivsel. Spegelen er bøygd sånn at ein ser større ut i spegelen enn ein faktisk er i røynda! Det er kanskje ein liten filleting for mange, men eg blir provosert. Det er ikkje anna enn frekt og umoralsk. Jo, forresten, det er eit sleipt salstriks og særs irriterande òg.

Då vi lærte om spiseforstyrrelse på ungdomsskolen, lærte vi at ein anorektikar vil sjå eit spegelbilete som er større enn verkelegheita, noko som gjerne får personen til å prøve å slanke seg enno meir. Det er nett det same 3T gjer mot alle saman, dei gjer det altså med folk som ikkje er sjuke òg, iallfall ikkje i utgangspunktet. Vi som er så heldige at vi ikkje har spiseforstyrrelsar, ser altså ei større utgåve av oss sjølv. Kva ser då ein anorektikar? Det er skummelt å tenkje på. Korfor har dei så ein sånn spegel på 3T? Sjølvsagt vil dei at folk skal trene meir, for då unngår dei å miste kundar og dei tener meir. Og kva er vel ikkje betre motivasjon enn at ein trur ein er tjukk? Eg kan skrive under på fleire døme der eg har sett at det jammen kan gi treningsmotivasjon ein ikkje trudde ein hadde.

Det 3T (iallfall den som er her, eg veit ikkje koss det er i resten av landet) altså gjer, er å utnytte andre folk sine sjukdommar og andre sitt elende, og samstundes kan dei påverke friske folk til å utvikle slike sjukdomar òg. Det er rett og slett frekt og kynisk! Med tanke på kor mange som slit med sjølvbiletet sitt og kor mange som faktisk har alvorlege spiseforstyrrelsar, burde seriøse treningssenter som 3T halde seg for gode for sånt. Eg let meg stadig overraske over kor langt over den streken som vanleg moral og folkeskikk har trekt opp folk greier å gå berre for profitt. Venleikstyranniet kan gå i dvale nokre millennium. Eg er lei.

This entry was posted in Martas boltreplass. Bookmark the permalink.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>