Politikk-bloggar det er verdt å fylgje med på

Eg trur eg no startar ein ny serie. Den heitar “bloggar det er verdt å fylgje med på”, og inneheld kvar gong ei rekkje tilrådingar om kva bloggar eg synest de, kjære lesarar, bør få med dykk. Eg startar med dei politiske bloggane, og passande nok med det som nok er min favorittblogg:

Rett venstre

Audun Lysbakken er nestleiar i SV. Han er sjefsideolog i partiet, godt ute til venstre og skriv mykje om sakar som Afghanistan og generell utanrikspolitikk, men òg ein del om det som skjer her heime. Går sjeldan meir enn eit par dagar mellom kvar oppdatering.

Revolusjonens røst

Mimir Kristjansson er leiar i Raud Ungdom. Både dei og han kan ein jo seie mykje rart om, men bloggen hans er særs bra. Nett kome tilbake etter å ha vore nede nokre månader.

drægni.no

Morten Drægni sitt i sentralstyret til SU. Har verte litt sjeldnare med oppdateringar i det siste, men Morten skriv bra.

farsan

farsan vekslar mellom å vere morosam og politisk lur. Og han klarar det overraskande bra.

Bystyrebloggen

Sjølv om eg synest Simen kan vere litt usakleg iblant, har han mykje bra å fare med òg. Synd han ikkje vart ordførar (han var SV sin ordførarkandidat i Bergen).

Virrvarr

Ida er RU-er, skrivefør og ivrig på tastaturet. Nye oppdateringar kjem minst fire gongar i veka, les dei.

Stian Oen

Stian sitt i bydelsutvalet for SV i St.Hanshaugen i Oslo (saman med Morten, forresten), og skriv mykje, ofte og bra. Pluss at han skriv på nynorsk. Nokon har omtala Stian som “rødbloggernes trofaste sliter”, noko eg synest stemmar bra.

Åsa Elvik

Åsa Elvik er stortingsrepresentant for SV, og skriv om ein del sakar få andre skriv om - og ho gjer det bra.

De har kanskje lagt merke til at alle desse er godt ute til venstre. Og det har de heilt rett i, eg les faktisk berre politiske bloggar frå SU-, SV- og RU-arar. Kor er alle bloggane frå høgresida?

Vel, her er i alle fall to bloggar frå høgresida som er rimeleg gode:

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen er leiar av Unge Høgre. Jamvel synest eg eg får mykje ut av å lese bloggen hans.

Vox Populi skal visst vere særs bra, men eg har ikkje lest han sjølv.

Vampus er eg ikkje like stor fan av som mange andre er, men ho skriv ein del bra ho òg.

Skulle gjerne tilråda mellom anna www.heikki.no, Hasta siempre, Mina og Kenneth Fuglemsmo, men dei har diverre ikkje oppdatert på rett så lenge.

Så, kva for bloggar har eg gått glipp av?

4 tilbakemeldingar på “Politikk-bloggar det er verdt å fylgje med på”

  1. Vox populi/Knut Johannessen sier:

    Har du ikkje lese Vox populi? Kva slags tull er dette? Sjå til å få gjort det med ein gong. Alt du skriv om den er i alle fall korrekt! Velkomen innom :-)

    (Du får leve med mitt dårlege forsøk på nynorsk. Eg har ikkje praktisert noko særs sidan skuledagane på 60/70-talet. )

  2. Mads sier:

    Eg leste litt i går kveld - og sjølv om eg er ueinig i ganske så mykje av det du skriv, hamnar du på rss-lista mi frå og med no uansett ;-) Ser ut som om kritikarane har rett..

  3. Virrvarr sier:

    Yay, dette var hyggelig kommentar :D

  4. Engeline sier:

    Jeg skal pirke i Kenneth og videreføre beskjeden om at han blir verdsatt, bare han oppdaterer.

Legg igjen ein kommentar