Ubuntu - nokre veker seinare

No er det ei stund sida sist eg skreiv noko her, det blir sånn iblant. Det kan eg berre beklage, men når eg ikkje følar eg har noko fornuftig å dele med dykk, så får det heller berre bli sånn.

No har eg prøvd å få Age of Empires II til å fungere skikkeleg på Ubuntu, via CrossOver Office, og det fungerer jo for så vidt, men det går så inni hampene treigt at det ikkje er gøy eingong. Og det med å få til Pro Cycling Manager også, det er ei hard nøtt, men eg skulle så gjerne fått det til. Kanskje eg, sukk, må installere Windows igjen - eg har høyrd at det går an å installere det som eit program i Linux, og om det da ikkje går så treigt, så kan det vere noke å tenke på. Eg er framleis godt nøgd med Ubuntu (”Linux for human beings“), bortsett fra at eg faktisk har problem med noko eg aldri trudde skulle bli eit problem: stabiliteten. Det heng seg opp altfor ofte, og korkje kvile- eller dvalemodus fungerer heilt perfekt, diverre. Men dét, saman med at det ikkje er så lett med spel som eg skulle ynskje, og at DC++ ikkje funkar overhovudet, er vel det einaste eg slit med. Programma eg nyttar er vel så bra som dei i Windows, og det er ei fryd å sleppe virus og spyware.

Mads, nøgd Ubuntu-brukar

Kommentér