Java på Fedora
Eg har den seinaste veka nytta Fedora som operativsystem, og er særs godt nøgd med det. Det har eg vore fram til no, bortsett frå ein viktig ting: mangelen på Java. Java treng ein mellom anna til å nytte nettbank og sånt. Eg har prøvd fleire guidar, men ingen av dei har hjulpe noko særleg.
Men no for ein halvtime sidan fann eg denne: http://fedorasolved.org/browser-solutions/java-i386. Og vips, så funkar det. Hurra.
No slit eg berre med eit lite problem med “daude tastar” - `^´ osv. Det er ikkje noko stort problem, berre litt irriterande. Skal sjå om eg ikkje får fiksa det og - men det vert seinare.
Hurra for fungerande Java, altså.
fredag 21. desember 2007 klokka 15.51
Java skulle vera enkelt i Fedora, sidan Fedora (Red Hat) elskar Java - medan Ubuntu elskar Python.
No som Java vert skikkeleg GPL-lisensiert so vert det godskap for Java i framtidi.
fredag 21. desember 2007 klokka 16.05
Skulle vere enkelt - enkelt nok, er jo berre å fylgje den guiden, for så vidt. Heldigvis vert det skikkeleg åpen kode snart - og det tydar bra