Telefon + buss = NEI!

Det er ganske mykje som irriterar meg i kvardagen, i større eller mindre grad. Og eg trur eg har funne det som irriterar meg mest:

Folk som snakkar i telefonen på buss.

Eg ser meg rett og slett nødt til å lage ei liste over kvifor.

  1. Det er totalt uinteressant for alle andre på bussen, som ufrivillig må høyre på
  2. Det er å prakke privatlivet sitt på andre
  3. Det er respektlaust overfor den du snakkar med (sjå puntk to)
  4. Du snakkar etter alt å dømme HØGT
  5. Du held folk vakne (gjeld særleg nattbuss, sjølvsagt)

Og om du så må ta ein telefon: fatt deg i korthet. Av omhug for dine medpassasjerar.

Til slutt ein del sjølvsagte ting:

  • Ha pengane klare før du går på bussen. (Skaff deg månadskort eller klippekort
  • Ikkje le særs høgt og irriterande, vær så snill
  • Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet
  • Er det ledig lengre bak i bussen: GÅ DIT, og sett deg ned! Ikkje stå og blokkér midtgangen langt framme
  • Skal masse folk av ein stad, og du skal vidare, men står rett foran døra: Prøv å kome deg vekk derifrå fortast mogleg.
  • Ikkje blokkér setet ved sida av deg med t.d. sekken din. Resten av oss vil òg sitje.

(Ja, eg er inspirert av hvahunsa)

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Kvardagstankar. Bookmark the permalink.

3 Responses to Telefon + buss = NEI!

  1. HvaHunSa says:

    Hey! Jeg er ikke fremmed for denne lista selv, tar bussen mange ganger i uka. Som regel går det bra ;-)

  2. Christian says:

    Ikke ta dette ille opp, men er dette virkelig noe å irritere seg over?

  3. Mads says:

    Hehe.. Det er langt ifrå så problematisk som det kanskje kan verke av innlegget over, særleg ikkje etter eg fekk meg ørepluggar som stengar 90% av annen lyd ute, men det er sånn typiske ting ein irriterar seg over – eg trur eg opplevde kroneksempelet sist veke, då eg tok bussen frå Oslo til Trondheim. Ho som sat foran meg snakka i telefonen i over ein time i strekk… Fascinerande at ingen andre reagerte (eg høyrde på musikk, og brydde meg ikkje nemneverdig), sjølvsagt. Men det var litt sært.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>