Folk, altså

Eg tar ofte buss til og frå Oslo, av fleire grunnar. Etter kvart har eg lært meg kunsten å sova ganske lett på nattbuss, men eg sluttar ikkje å fascinera meg over kva folk finn på på bussen fordet. Eg har tidlegare skrivi litt om det, mellom anna skreiv eg følgjande:

Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet

Det var den gong. Etter å ha tatt bussen i natt skjønte eg at eg ikkje har grunn til å klage over det – det er verre med folk som nyttar mobilen sin til å spele av (for så vidt stygg, men det er eigentleg ikkje så relevant) musikk utan nokon form for hovudtelefonar eller noko som måtte likne, men berre sett mobilen over øyret – og då på eit rimeleg høgt volum ca. i tolvtida på ein nattbuss. Fascinerande.

About Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær
This entry was posted in Kvardagstankar. Bookmark the permalink.

2 Responses to Folk, altså

  1. Christian says:

    Delte buss med en slik en når jeg skulle flytte til Trondheim i fjor, problemet var bare at han ikke en gang tok den til øret, han hadde den i fanget fordi han også ville se på porno på den samtidig…

  2. Mads says:

    Haha, huff, det er no eg skjønar at eg verkeleg ikkje har grunn til å klage. Det der er jo mykje verre, Christian – glad eg ikkje var på den bussen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>