Eigentleg
Eigentleg burde nokon snart reise den prinsipielle diskusjonen om å ha rett på land. Koss rett har ei gruppe menneske til å ta eit stykke av jorda og definera den som si? Og, like fullt interessant, koss land vi “høyrer til” har vi ingen påverknad på sjølv.
Tenk litt på det - særleg i desse tider.
søndag 6. september 2009 klokka 18.58
Som ein grunnregel, trur eg ikkje at ein burde kunne seie at nokon har rett til noko som helst, fordi du ikkje akkurat vert fødd som leiar eller som eigar av noko (vel, iallfall ikkje dei fleste, og sjølv dei som er det, er det jo på grunn av reglar som andre menneske har funni på), så prinsipielt burde vel ikkje nokon ha rett til å eige noko anna enn det dei sjølv har laga, funni på eller fått i gåve frå nokon som har laga det eller funni på det eller fått det osv., men å endre strukturane i samfunnet etter mi eller di overtyding, kan bli litt hardt. Eg meiner, viss vi ikkje hadde landegrense, eller delstats/fylkes/kommune-grense osv. måtte alle folk i heile verda funka som eit einaste stort land og fulgt dei same reglane, og det ville blitt helsikes mykje å administrere, sjukt mykje å prøve bli samde om, og gitt at vi i det heile tatt skulle hatt leiarar, ville den øvste leiaren vore så avsindig og grusomt mektig og rik at det ikkje er til å førestille seg ein gong. Men det er jo sjølvsagt skilnad på administrativ rett til eit land, ferdselsrett til eit land, rett til å bu ein stad osv. Det er ein vanvittig stor diskusjon å nemne med fire og ei kvart linje.
(Og: “Kva for rett” (jamfør “Hvilken rett”, ikkje “Hvordan rett” på bokmål), det same med “land”, “-definere- -det- som -sitt-”, sidan stykke trass alt er inkjekjønn:p, og definere ikkje er eit a-verb, også truur eg at det heiter “rett -til- land”, ikkje “på”. Hmja. Det var vel det.)
PS! Eg tenkjer litt på det i mitt stille sinn, altså, eg gjer det…