Entries Tagged as ''

123-meme (eg òg)

1. Pick up the nearest book.

2. Open on page 123.

3. Find the fifth sentence.

4. Post the next three sentences.

5. Tag five people, and acknowledge who tagged you.

Tora tagga meg, så då får eg vel berre køyra på. Boka som låg nærmast meg no, i hard konkurranse med Java-murstein-læreboka, var Magnus Marsdal og Bendik Wold si Tredje venstre.

“På tv kommer samfunnet til syne som i liberalistenes drømmer: Nå er det virkelig en ansamling enkeltpersoner - en del kjendiser av politisk og annet slag, en del “vanlige mennesker”: for å orientere seg blant dem trengs ingen ting annet enn menneskekunnskap og psykologisk teft. [...] Ytre venstre, som gjerne villle satt samfunnets (usynlige, upersonlige) system under debatt, kan være i ferd med å pådra seg et alvorlig kulturelt handikap. Det er høyrepopulismen alt ligger til rette for nå.”

Kven er igjen å tagge no då?

Virrvarr hadde det vori interessant å høyre frå for tida. Christian, ansjå deg tagga. Litteraturstudent Ellinor likeså. Og det får halda av tagging :-P

Folk skriv så mykje fint

Eg kjem stadig over nydelege bloggpostar, flotte forklaringer, triste historier, lærerike ting og andre snedige ting. Eg har tenkt på å linke til kvar enkelt av dei her på bloggen, berre fordi dei fortener det. Som eg gjorde med ein Iskwew-post her.

Derimot vil heile bloggen min verte ei rein lenkesamling om eg gjer det, så eg har som nemnt skaffa meg del.icio.us-konto. Eg tilrår alle på det sterkaste å fylgje med der, masse bra lesestoff ein har godt av å få med seg.

Og no skal eg venda tilbake til Giro d’Italia. Skamhard etappe i dag, forza Simoni!

Ikkje så lengje til..

—————–Toni
——–Del Piero-Cassano
—-De Rossi - Pirlo - Gattuso
Grosso-Chiellini-Cannavaro-Zambrotta
—————–Buffon

(Ja, eg veit denne 11-eren er ein draum)

Mondag 9/6, 20:45: Nederland - Italia - TV2
Fredag 13/6 18:00: Italia - Romania - TV2 Sport EM
Tirsdag 17/6 20:45 Frankrike - Italia TV2 Sport EM

Eg gler meg!

Frihetens forpost her nord

Kamerater! Kamerater!
Det er frihetens forpost her nord.
Vi skal bygge, vi skal trygge,
vi skal verge hver fot av dets jord.

Eg prøvar, som tidlegare lett hinta til, å samla meg opp raud musikk i musikalsk form (i likskap med Engeline og sikkert også Virrvarr, vil eg tippe.)

Derimot er det nokre raude songar eg ikkje har funne nokon versjon av enno. Den eine er Frihetens forpost, den andre var fram til no nyleg Frem kamerater, men den ligg her, fann eg nett ut, men hyl ut om de har ein annan versjon liggjande. Den tredje er Bella Ciao - særs gjerne på norsk, den fjerde Et rødt flagg.

Kommentarfeltet er særs opent..

Folk, altså

Eg tar ofte buss til og frå Oslo, av fleire grunnar. Etter kvart har eg lært meg kunsten å sova ganske lett på nattbuss, men eg sluttar ikkje å fascinera meg over kva folk finn på på bussen fordet. Eg har tidlegare skrivi litt om det, mellom anna skreiv eg følgjande:

Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet

Det var den gong. Etter å ha tatt bussen i natt skjønte eg at eg ikkje har grunn til å klage over det - det er verre med folk som nyttar mobilen sin til å spele av (for så vidt stygg, men det er eigentleg ikkje så relevant) musikk utan nokon form for hovudtelefonar eller noko som måtte likne, men berre sett mobilen over øyret - og då på eit rimeleg høgt volum ca. i tolvtida på ein nattbuss. Fascinerande.