Telefon + buss = NEI!

Det er ganske mykje som irriterar meg i kvardagen, i større eller mindre grad. Og eg trur eg har funne det som irriterar meg mest:

Folk som snakkar i telefonen på buss.

Eg ser meg rett og slett nødt til å lage ei liste over kvifor.

  1. Det er totalt uinteressant for alle andre på bussen, som ufrivillig må høyre på
  2. Det er å prakke privatlivet sitt på andre
  3. Det er respektlaust overfor den du snakkar med (sjå puntk to)
  4. Du snakkar etter alt å dømme HØGT
  5. Du held folk vakne (gjeld særleg nattbuss, sjølvsagt)

Og om du så må ta ein telefon: fatt deg i korthet. Av omhug for dine medpassasjerar.

Til slutt ein del sjølvsagte ting:

  • Ha pengane klare før du går på bussen. (Skaff deg månadskort eller klippekort
  • Ikkje le særs høgt og irriterande, vær så snill
  • Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet
  • Er det ledig lengre bak i bussen: GÅ DIT, og sett deg ned! Ikkje stå og blokkér midtgangen langt framme
  • Skal masse folk av ein stad, og du skal vidare, men står rett foran døra: Prøv å kome deg vekk derifrå fortast mogleg.
  • Ikkje blokkér setet ved sida av deg med t.d. sekken din. Resten av oss vil òg sitje.

(Ja, eg er inspirert av hvahunsa)

3 kommentarar to “Telefon + buss = NEI!”

  1. Hey! Jeg er ikke fremmed for denne lista selv, tar bussen mange ganger i uka. Som regel går det bra ;-)

  2. Ikke ta dette ille opp, men er dette virkelig noe å irritere seg over?

  3. Hehe.. Det er langt ifrå så problematisk som det kanskje kan verke av innlegget over, særleg ikkje etter eg fekk meg ørepluggar som stengar 90% av annen lyd ute, men det er sånn typiske ting ein irriterar seg over - eg trur eg opplevde kroneksempelet sist veke, då eg tok bussen frå Oslo til Trondheim. Ho som sat foran meg snakka i telefonen i over ein time i strekk… Fascinerande at ingen andre reagerte (eg høyrde på musikk, og brydde meg ikkje nemneverdig), sjølvsagt. Men det var litt sært.

Kommentér