Folk, altså
Eg tar ofte buss til og frå Oslo, av fleire grunnar. Etter kvart har eg lært meg kunsten å sova ganske lett på nattbuss, men eg sluttar ikkje å fascinera meg over kva folk finn på på bussen fordet. Eg har tidlegare skrivi litt om det, mellom anna skreiv eg følgjande:
Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet
Det var den gong. Etter å ha tatt bussen i natt skjønte eg at eg ikkje har grunn til å klage over det - det er verre med folk som nyttar mobilen sin til å spele av (for så vidt stygg, men det er eigentleg ikkje så relevant) musikk utan nokon form for hovudtelefonar eller noko som måtte likne, men berre sett mobilen over øyret - og då på eit rimeleg høgt volum ca. i tolvtida på ein nattbuss. Fascinerande.


Delte buss med en slik en når jeg skulle flytte til Trondheim i fjor, problemet var bare at han ikke en gang tok den til øret, han hadde den i fanget fordi han også ville se på porno på den samtidig…
Haha, huff, det er no eg skjønar at eg verkeleg ikkje har grunn til å klage. Det der er jo mykje verre, Christian - glad eg ikkje var på den bussen.