Eg ynskjar meg ny mobil

Diverre byrjar eg så smått å trengje ein ny mobil. Ikkje av di den eg har no ikkje har nok funksjonar eller er utdatert, langt ifrå - den har alt eg treng og vel så det. Derimot har Sony Ericsson av ein eller anna grunn laga ein joystick av såpe-plast som all navigasjon avheng av. Og denne fungerar i maksimalt to retningar samstundes. I tillegg til dette har den ein liten fuktskade som gjer at det er litt stress å lade den (noko som eigentleg ikkje gjer stort), og eg får ofte ein skurrelyd når eg ringar med den. Nemnde joystickfeil gjer at all blaing i menyar, meldingsskriving, spesielt meldingslesing for litt lange meldingar, surfing osv. er utfordrande.

Og då synest eg ein mobiltelefon feilar på noko av det mest grunnleggjande - det skal ikkje vere vanskeleg å nytta han som nett det. Eg gjer eigentleg ganske blanke i sjuke funksjonar, eg. Eg vil ha ein mobil som verkar - og som gjer det eg seier han skal. (Og ja, eg har snakka med butikken ang. retur, men min kjære k750i er fuktskada, og det vil koste “nokre kronar” å fikse han.. Eg vart oppmoda om å kjøpe ny.)

Så, kva vil eg at mobiltelefonen min skal gjere, korleis vil eg at den skal vere?

  • Han skal ikkje ha ein joystick som “fungerar”. Han skal helst ikkje ha joystick i det heile
  • Han skal sjå bra ut. Helst skyve- eller vippemobil
  • Han skal ha standard kalender, nedteljing, alarm
  • Han skal gjerne ha “lommelykt”-lys (k750i er særs god til nett dette) og radio, men dette er ikkje eit absolutt krav
  • Han bør ha eit greit kamera. 1.5mpx og opp held lengje. Eg har DSLR
  • Eg gjer totalt blanke i mp3. Eg er glad i Zen-en min. RSS, avtalebok og diverse andre “nyttige” funksjonar treng eg heller ikkje (Presisjon: RSS er genialt, og eg nyttar det i stor grad på pcen - men ikkje på mobilen)
  • God batterikapasitet
  • Han bør ha plass til mange meldingar
  • EDGE eller 3G kunne vore kjekt. Og så må han sjølvsagt takle Opera Mini
  • Han skal gjere nett som eg ber han om, utan at eg må finne på lure tricks for å klare å lese ferdig ei melding
  • Han bør tåle minst normalt mykje

Per no synest eg Motorola Z8 ser ut som det beste valet. Lekker, bra batteritid, ingen joystick og fryd og gammen..

Kommentér