« Eksamen // Raud musikk »

Nokon med betre logisk sans enn meg:

Kan de forklare meg korleis ein kan få seg til å seie ting som at

– Nei. Verneplikt for jenter er en dårlig idé fordi militærtjeneste bør være frivillig. Men de bør bli spurt. Det er greit at det ikke er frivillig for menn.

eller

– Det bør være opp til jentene selv å velge, og de kan sikkert gjøre en like god jobb. Det er greit at det er obligatorisk for gutter.

?

“Eg vil ikkje at jenter skal bli tvungne inn i militæret, men det er greitt at gutar må”. Korleis kan ein eigentleg rettferdiggjere eit slikt syn? Kva er det som får folk til å seie så til de grader mot seg sjølv? Kvifor i all verda skal me akseptera slik forskjellshandsaming?

Eg veit godt at mange gutar slepp Forsvaret, meg sjølv inkludert. Eg veit det.

Men kvifor i svarte #”¤ skal det rettferdiggjera direkte skilnadshandsaming?

5 kommentarar to “Nokon med betre logisk sans enn meg:”

  1. Jeg syns militærtjenesten, enten skal være tvungen eller frivillig for begge kjønn, helst skulle jeg sett at den var frivillig for begge kjønn.

  2. Fakta frå livet:

    Jenter fær born.

    Gutar fær ikkje born. Unnskuld for at eg er so lite politisk korrekt, men slik er det no ein gong. Eg er sjølv ein beinhard militærnektar (uhm, meir mjuk eigentleg), men eg ser poenget med at det er gutane som skal inn og ikkje jentene.

    Er eg ein stat Noreg, so er det viktugt for meg at folk forplantar seg; so me bør ikkje gjera det endå meir stress å vera kvinna.

    Eg veit ikkje um eg er so mot obligatorisk militærteneste, eg er mykje meir redd for ei proff militærteneste. Ei ålmenn ei vil ikkje vera so riv rakande gal som eit proft leigemordarbyrå… Likevel ville eg ikkje inn i militæret av di eg synest det vert styrt feil (og av di eg er mot dreping); og eg meiner at lokalmiljøet fær mykje meir ut av meg som sivilarbeidar.

    Men, altso, eg hev absolutt ingen problem med å forsvara at gutar kann hava denne «direkte forskjellshandsamingi». Jenter vert aldri heilt like gutar, eller motsett. Skal alt vera likt, men jentene må bæra fram born? Då vert det jo skeiv fordeling…

  3. Eg veit godt at kvinner føder barn, men eg ser ikkje kva i all verda det har med saken å gjere, bortsett frå at skeivfordelinga av perm sjølvsagt og er ein kampsak.

    Sjølvsagt bør me ikkje gjere det verre å vere kvinne - langt, langt, langt ifrå, snarare tvert imot - men då finn eg det mykje meir relevant å ta tak i at dei tenar 5000 mindre enn menn i månaden, at 83% av ordførarane er menn, at skammeleg mange tenåringsjenter har vorte utsette for seksuell trakassering osb.

    Eg synest ikkje me skal ha det sånn at den eine uretta rettferdiggjer den andre - slik at det ikkje funkar å underbyggje diskriminering her med diskriminering elles i samfunnet: det er diskrimineringa som må bort.

    Det handlar ikkje om å gjere folk like. Det handlar om å gje folk dei same moglegskapane - og også dei same pliktane. Det synest eg er berre rett og rimeleg.

    Så får me ta ein kamp for meir pappaperm, meire pengar til sjukepleiarane og fleire kvinnelege ordførarar i staden..

  4. Få de inn i Forsvaret! Da får vi endelig full likestilling. Det finnes mange kvinner som gjør en kjempejobb i Forsvaret pr. dags dato og jeg tviler ikke på at Forsvaret trenger den kompetansen mange kvinner sitter på. Det gjelder bare å gjøre Forsvaret attraktivt nok.

  5. Det handlar ikkje um perm, men dei 9 månadane + morsmjølki som dei fleste ser ut til å gløyma. :-)

    Me fær ikkje full likestilling um jentone må inn i Angripet. Det vert *aldri* full likestilling. Det er stadig jentone som må føda.

    Men so lengje det er fullt mogleg for jentor å koma inn i Angripet um dei vil, so er alt bra. Eg er ikkje einig med at det må vera anten «friviljug Angrip» eller «alle i Angripet». Eg er mot at jentor må inn i angripet.

    Skal me taka det frå den motsette sida; kva må gutar gjera når jentone er dei som må slita med fødsel? Jentone *MÅ* hava fri frå jobb når dei fær unge, dei kann ikkje godt føda på jobb. Dette veit arbeidsgjevarar. Difor er det betre å hyra menn, som det ikkje er like sikkert kjem til å vera vekk frå jobb. Men med verneplikt for menn so vert det litt mindre attraktivt med menn att; på den måten jamnar me ut kjønsforskjellene. Skal kvinnone òg måtta tvingast inn i Angripet so vert dei ENDÅ mindre attraktive. Det vil me ikkje.

    Eg kranglar med kjærasten min av di eg helst vil vera den som er heime um me ein gong fær unge; eg trur ho meiner at ho fær 50% er for lite òg. Sjølv um eg vil (kjem til å) vera heime endå meir. :]

Kommentér




« Eksamen // Raud musikk »